Om oss

Stiftinga Norsk Sjøfuglsenter vart oppretta i 2011 av

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Askvoll Kommune
  • Værlandet Vel
  • Stiftelsen Alvhild Værøy minne til Værlandets vel 
  • Norsk Ornitologisk Foreining

 

Stiftinga har etablert besøkssenteret Norsk Sjøfuglsenter som informerer om naturreservatet Sørværet og sjøfuglvernet i Noreg.

Norsk Sjøfuglsenter skal:

  • formidle kunnskap og opplevingar 
  • vere knutepunkt mellom menneske og kystnatur
  • stimulere til berekraftig reiselivsutvikling med basis i naturvernet sine verdiar
  • styrkje sjøfuglvernet sin legitimitet lokalt og nasjonalt.

 

Utstillinga er interaktiv og består av 10  installasjonar med informasjon om sjøfugl. Utstillinga skal vere tankevekkande og motivere besøkande til handling framfor å verke moraliserande

Norsk Sjøfuglsenter er samlokalisert med Værlandet Gjestehamn.

Norsk Sjøfuglsenter har ført til ny bruk av verkstadhallen til ”Værlandet Båt” i Værøyhamna. Ombygginga er teikna og utført i eit samarbeid mellom av det islandske arkitektfirmaet Batterid og Olav Haakonsen. Utstillinga er produsert av det islandske designfirmaet Gagarin.