Utstillinga

Naturen bryr seg ikkje, gjer du?

Norsk Sjøfuglsenter på Værlandet skal formidle kunnskap, opplevingar og auka forståing for sjøfuglvern i Noreg. Utstillinga syner gjennom ti interaktive stasjonar at det er eit skjebnefellskap mellom folk og fugl langs kysten av Noreg, som i resten av verda. Globaliseringa og vårt "moderne" levesett trugar ikkje berre sjøfuglen, men også ressursane i havet og oss sjølve.

 

 

 

Makrellterna (bilde) er til liks med Raudnebbterna gått kraftig tilbake på Vestlandet dei siste åra, men hekker framleis på Værlandet.Foto: Anders Braanaas
Svartbaken hekker vanleg på skjer og holmer rundt Værlandet og Bulandet. Dette biletet er frå Kinn i Flora kommune. Foto Anders Braanaas