Lunde

Foto: Tore Larsen

Latsabb?

Storskarven brukar berre ein liten del av dagen til å finne mat, resten av dagen brukar han til å slappe av og fordøye maten.

Fiskemåse

Omlag 25% av den europeiske bestanden av fiskemåse hekkar i Noreg.

Plastmat

Sjøfuglar ser ikkje alltid forskjell på mat og plastsøppel i havet. I ei undersøking av daude havhestar på Lista hadde kvar fugl i gjennomsnitt 46 plastbitar i magen.

Kven et mest fisk?

Oppdrettslaksen et 1000 gonger meir fisk enn sjøfuglane i Sogn og Fjordane.

Havsula

Havsula lever heile livet ute på det opne havet. Berre i hekketida er ho på land.