Verdt å sjå

Heipiplerka ( bildet over) er den vanlegaste fuglen i kystlyngheia. Foto:Anders Braanaas

Om sommaren er det mange som besøkjer øyane i vest. Båtturistane fyller gjestehamna og friluftsfolket nyttar seg av det omfattande løypenettet på Værlandet og klatrar til topps på Høgkletten og Alden. Kajakkentusiastane kjem frå inn- og utland og dagsturistane syklar over Nordsjøporten – dei 6 spektakulære bruene ytterst i havgapet. Mange av dei beste naturopplevingane får du likevel utanfor turistsesongen:

Fuglelivet på Værlandet og Bulandet. På øygruppa er det observert over 235 ulike arter av fugler. Ingen andre stader i Sogn og Fjordane kan varte opp med ein slik artsrikdom. Dei fleste av artane er observert på hausttrekket frå august til oktober, men også våren kan by på stort trekk av fugl ytterst langs kysten.  Ornitologane registerer observasjonar av fugl på http://artsobservasjoner.no/fugler/. Her kan alle utforske kva som er sett av fugl på lokaliteter i heile landet.  


 

På Værlandet får du havørn garanti. Foto: Geir Olsen
En blåkinnbieter (Blue-checked Beeater) ble sett i Bulandet i juli 2018.