FUGLELIVET I ØYANE

Strandsnipa kjem i april. Ho hekker både langs sjøen og i vatna på Værlandet og Bulandet. Foto: Anders Braanaas

Fuglelivet på Værlandet og Bulandet.                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                       På øygruppa er det observert over 200 ulike arter av fugler. Ingen andre stader i Sogn og Fjordane kan varte opp med ein slik artsrikdom. Dei fleste av artane er observert på hausttrekket frå august til oktober, men også våren kan by på stort trekk av fugl ytterst langs kysten.  Ornitologane registerer observasjonar av fugl på http://artsobservasjoner.no/fugler/. Her kan alle utforske kva som er sett av fugl på lokaliteter i heile landet.

Liv i ørnereiret.                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                      Havørna er kongen over fuglane i øyriket. Ein stad i nærområdet har vi montert eit høgkvalitets webkamera som sender kontinuerleg frå livet i ørnereiret. Allereie frå slutten av januar byrjar ørneparet å byggje reir, og i slutten av april håpar vi alle på at ein eller to kyllingar dukkar fram frå kvisthaugen. Frå Sjøfuglsenteret og Værlandet Gjestehamn kan vi følgje ørnane sitt familieliv til ungane forlet reiret for godt i slutten av august.

Hekketida

Hekketida varierer i utstrekning og tid for dei ulike sjøfuglartane, men i forvaltninga av mange naturreservat i området er hekketida fastsett til tidsrommet frå 1. april til 1. august. Sjølv om det i denne tida er restriksjonar på ferdsle, vil ein kunne oppleve mange hekkande artar (grågås, svartbak, gråmåse, m.fl. ) utanfor reservata. I tillegg kan ein nytte den godt merka Sørværetløypa til å komme inn i naturreservatet og web-kameraet på Værlandet Gjestehamn til å observere livet i havørnreiret.

Gåsetrekket
I månadsskiftet mars-april kjem grågåstrekket. Fleire par hekkar i nærområdet og ca 20 fuglar overvintrar, medan andre flokkar reiser vidare etter ei stund - dei siste i august/september.
Ein månad etterpå, i september/oktober kjem Kvitkinngåsa på tur sørover og blir her om lag ein månad før ho reiser vidare til Skottland.

Hausttrekket og Bombeveka                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                         Dei ytste øyane langs Vestlandskysten får ofte besøk av svært sjeldne fuglar på trekk sørover eller nordover. Dette skuldast mellom anna verfenomen som påverkar fuglane si navigeringsevne og lurer dei ut over ope hav. For fleire artar vert då Bulandet og Værlandet ei livsviktig naudhavn for selibritetar i krise.  Feltornitologane har merka seg dette og kjem langvegs frå for å observere fugl i det tidsrommet då denne aktiviteten er på topp – den såkalla ”bombeveka”,- i byrjinga av oktober. Fuglelivet på øygruppa er framleis lite utforska, men under hausttrekket er sjeldne arter som sibirpiplerke, tundrapiplerke, blåstjert, rosenstær og turteldue med fleir observert. Hausten 2012 vart polarlomvi observert på Sandøy, dette var 1. registrering av arten i Sogn og Fjordane.(Artsobservasjoner.no) Same år var dvergfluesnapper og busksanger sett på Værlandet.

Vinterteljing av sjøfugl
Om vinteren samlar sjøfuglen seg ofte og beiter i store flokkar rundt dei ytste øyane og båane.  På stille dagar med klar vinterluft kan ein oppleve desse koloniane med båt eller havkajakk. Mange fotografar og naturelskarar har fått seg naturopplevingar for livet utanom sesongen her ytst mot storhavet. Sjøfuglbestandane har gått kraftig attende dei siste 30 åra. Av sjøfuglartene som finst i størst antal er toppskarv, storskarv, svartbak, gråmåke, ærfugl, siland, havelle og svartand . Ein kan og sjå, smålom, islom, gråstrupedykkar, alke, lomvi, teist, lunde og alkekonge, fiskemåke og krykkje.  Av vadefuglane overvintrar Tjeld, storspove, fjæreplytt og steinvendar. Enkeltbekkasin og rugde  finn tilhald i opne vatn og bekkar på øyane.

Gråmåke og Sildemåke Foto: Anders Braanaas
Havørna kan du være sikker på å sjå når du kjem til Værlandet og Bulandet. Foto: Geir Olsen, Kalvøy/Værlandet